Jeg har skrevet artikler i mange ulike tidsskrift og bokutgivelser. "Fridommen til å vere seg sjølv" er den ferskeste teksten min, og lenkene viser vei til noe av det som ligger på nett.
"Petra er en dyktig formidler og tålmodig redaktør som setter seg grundig inn i emnet. Hun skriver godt og evner å henvende seg til et bredt publikum. Jeg har samarbeidet med Petra over flere år og flere prosjekter, og kan anbefale henne varmt."
Guro Djupvik, Redaktør i Store Norske Leksikon
Fridommen til å vere seg sjølv
Hunnid22 byrja å lage musikk på vidaregåande. Dei danske hiphopgutane elskar det dei gjer og gjer det på sin eigen måte.
DU HAR SIKKERT HØYRT ein del norsk hiphop? Mindre sannsynleg er det at du kjenner den svenske rapparen Silvana Imam eller den danske rapparen Gilli. For sjølv om hiphop er den største musikksjangeren i alle dei skandinaviske landa, er kulturen ulik i kvart land, alle rappar på sitt eige språk og lyttar til sine eigne.
Det danske hiphop-kollektivet Hunnid22 skil seg ut i landskapet fordi dei rappar på engelsk. Musikkmagasinet BEAT meiner at dei òg skil seg ut med ein «oldschool hiphop vibe». Gutegjengen lyttar til sjangrar som boom bap, R&B, soul og trap, og lyden deira ber preg av inspirasjonen. Så ulike aktørar som Redbull og kulturmagasinet Soundvenue har skrive at Hunnid22 er nye danske talent verd å halde auge med.
Faktafyk tar dei danske kulturmedia på ordet og møter Lester Beck (24), Tharjiath David (23) og brørne Samatar (25) og Solaiman (22) Shabel på heimebane, rett før ein konsert i Aarhus kunstmuseum. Eller heimebane... det er utypisk at Hunnid22 opptrer i kvitmala utstillingslokale, omgjevne av glas og dagsljos, men i Aarhus er gjengen absolutt heime. Stemninga backstage er avslappa.
Takka nei til platekontrakt
Hunnid22 har gitt ut låtar sidan 2019 og gjennomført godt over femti konsertar. Debutalbumet «Who’s 2 Blame» fekk skamskryt i musikkmagasinet Gaffa. Det tyder ikkje at dei kan leve av musikken enno, men dei er på veg. – Det er definitivt ei utfordring, særleg i Danmark, smiler Sam. Som den eldste og mest livlege av dei fire, tar han raskt ordet. – Men vi har gjort det overraskande godt sidan starten då vi berre fekk betalt i smørbrød.
Lester tittar opp frå hettegenseren og ler. – Ja, no får vi faktisk pengar for det vi gjer, seier han.
– Vi er jo ikkje akkurat mainstream, held Sam fram, – Og dei som kjem på konsertane våre kjenner namnet vårt, men ikkje låtane. Vi merkar at det er lettare å bli godtekne utanfor Danmark. I Amsterdam i fjor var det fleire bransjefolk som gav oss positiv respons.
Dei andre stemmer i, og Soul fortel at strøyminga av musikken deira viser at folk i Nederland, på Grønland og i Mexico lyttar til dei. Gjengen meiner at lyttarane deira i først rekke er ein personlegdom: ein open person, ein fridomselskar, som likar å ha det gøy, men samstundes har sterke meiningar og tek ansvar. – Ein sånn person kan vere femti år eller tenåring. Alder har ingenting å seie, slår Sam fast.
Når vi spør kva som gjer musikken deira spesiell, er det språket dei er mest opptekne av. Lester fortel at danskane er nådelause når det gjeld engelsk. – Høyrer dei den minste aksent, kan du gløyme det, forklarar han. – Akkurat no er det berre danskspråkleg rap som sel, men vi er nokre stabukkar. Vi har takka nei til fleire tilbod fordi plateselskapet ønska at vi skulle byte til dansk.
Vener frå overalt
Namnet Hunnid22 er uansett dansk – ein referanse til bydelen der dei vaks opp. Talet 122 står for Aarhus Vest, fordi A er den første bokstaven i alfabetet, V den tjueandre. – Vi er opptekne av kvar det heile starta, seier Sam. – Folk i Aarhus er venlege, det er ein god vibe her, og det passar godt med kven vi er, meiner han. – Det er ein grunn til at Aarhus blir kalla «Smilets by», skyt Lester inn. – Folk her er chill. Dei tar ting i sitt eige tempo.
Dei fire meiner at byen reflekterer over i musikken deira. Sjølv om dei skriv om noko negativt, finn dei alltid eit positivt perspektiv. – Vi held oss ikkje berre til vårt eige område, utdjupar Soul. – Sjølv om Aarhus Vest nok er den mest etnisk varierte staden, med størst mangfald, har vi vener frå overalt. At vi kjenner så mange ulike folk har hjelpt oss.
Dei har kjent kvarandre lenge, men Lester byrja å lage musikk først. Han skreiv tekster i eit heilt år før han fekk med seg ein til. – Vi lånte nykelen til eit studio på skulen og bruka all fritida vår der, for å gjere oss kjende med utstyret, korleis vi skulle bruke ein miksepult, alle sånne greier. Året etter fekk vi med oss Tommy, produsenten vår, og rett etterpå blei Sam med. Då var vi i gang.
Soul og Teejay kom med i 2018. Soul likte å synge og Teejay hadde skrive ein del tekstar, men begge blei interessert i å lytte til eldre hiphop gjennom dei andre. – Broren min er 15 år eldre enn meg og fekk med seg 90-tallet, så eg lærde å like musikken gjennom han, fortel Lester. – Eg har klare minne om at eg dansa til 2PAC som treåring.
Det var annleis for Sam og Soul. – Vi vaks opp i ein muslimsk heim med lite musikk, fortel Sam. – Dei britiske søskenbarna våre introduserte meg til ulike artistar, og den første rappen eg høyrde var Skepta. I starten var eg nok meir en R&B-person. Eg likar framleis melodiane, at folk faktisk brukar røysta si til å skape eit lydbilete. Det var først når eg byrja å lage musikk sjølv, at rap blei ei greie.
Ein kollektiv prosess
Hunnid22 kallar seg eit kollektiv og ikkje ei gruppe. – Vi vil jo ikkje bli stempla som eit boyband heller, tullar Sam. – Eit kollektiv gir oss den kunstnariske fridommen til å gjere det vi vil, ikkje vere bundne til kvarandre. Folk kan forlate og kome attende akkurat når det passar dei. Døra er alltid open.
Når dei lager låtar saman kan prosessen variere, men Teejay fortel at det ofte startar med at Tommy har laga ein beat. – Så sit vi alle i stillheit og skriv, følgjer Soul opp. – Vi blir kanskje einige om kva stemning vi skal uttrykke – er det hat eller er det kjærleik, typ. Så kanskje ein av oss får ein hook eller eit vers klart, og då kan vi byrje å sy det saman.
– Det er nok fordi vi kjenner kvarandre så godt, erklærer Sam. – Vi liker musikken dei andre lagar og veit korleis dei tenkjer. De anar ikkje kor mange låtar vi har skrive utan å snakke saman i det heile!
Dei fire vil gjerne gje ekstra kred til produsenten sin, Tommy Bounx. – Vi blir alltid inspirerte av det han gjev oss, seier Lester. Soul nikker einig: – Han kjem ikkje med ein ferdig beat kvar gong, kanskje er det berre ein idé til kva vi kan lage, men Tommy er ein av oss og han kjenner smaken vår, derfor forstår han korleis han skal omsette orda våre til musikk. Vi treng ikkje forklare oss.
Vi lurer på om gjengen har ein bodskap dei ønsker å formidle til verda. – Elsk deg sjølv, elsk musikk og elsk livet, svarar Sam kjapt. – Så enkelt: Vis kjærleik og prøv å vere ekte, utdjupar Soul. – Og det handlar ofte om fridom, avsluttar Lester. – Fridommen til å vere seg sjølv.
PUBLIKUM
Etter konserten møter vi to frå publikum. For Maxwell var Hunnid22 heilt ukjend.
– Utruleg kor mykje liv dei klarde å lage i eit shitty lokale, seier han. – Settinga minna meg om eit TV-program eg har sett, der artistar blir utfordra i eit tomt lokale og dei må stole berre på si eiga røyst. Eg skulle nok helst ha vore på ein skikkeleg konsert, men det var likevel ein god introduksjon, meiner han. Liv seier seg einig. Ho har vore på konsert med dei før og høyrer mykje på dei. – Når dei har ein scene å leike seg på og masse folk i rommet, er dei heilt ville. Samstundes er det musikk som tol at ein lyttar merksamt.
Copyright Petra J Helgesen 2024
Orgnr 998 184 916